Påldtun
Handverksmat frå Nordfjord
Veronica og Magne. Det er vi som driv og eig Påldtun gard. Vi dyrker jordbær, bringebær og eple på garden vår. Garden er ein liten vestlandsgard med bratte bakkar, fjord og fjell. Vi har eit ynskje om å leve av garden vår sjølv om den er liten. Vi prøver derfor å utnytte alle moglegheitane vi har på garden. Turisme, frukt, bær og lokalmat. Vi tar også imot turistar på vandring i frukthagen vår. Då fortell vi litt om livet på garden før og no. Vi fortell også om historia til kvifor hyttene har fått namn oppkalla etter personar som har hatt tilknytning til garden. Velkommen til gards